September 24, 2022

[ad_1]

Støre-regjeringa har lenge snakka om at dei skal gjennomføre ei «storreingjering i arbeidslivet».

Målet er å «sikre faste, heile, stillingar med norske løns- og arbeidsvilkår», ifølgje regjeringsplattforma.

Men ordbruken og verkemidla gjer konsernsjef i Schibsted og tidlegare NHO-sjef, Kristin Skogen Lund, fortvila.

– Eg blir lei meg når eg høyrer den type retorikk, for eg trur alle ønsker eit seriøst arbeidsliv, seier ho.

– Med uttrykk som storreingjering gir du inntrykk av at det er ein veldig skitten stad. Det er det ikkje. Det er noko smuss her og der, og det skal vi få bukt med, men storreingjering, det blir feil uttrykk.

Det seier ho i Sommarkvarteret, sommarens versjon av Politisk kvarter på NRK Radio.

Meiner regjeringa er dogmatisk

Til hausten skal Stortinget ta stilling til innstrammingar på innleige av arbeidskraft, mellom anna frå bemanningsbyrå.

Og frå 1. juli trådde ei anna lovendring i kraft, som fjerna det generelle høvet til mellombelse tilsettingar. Det er særleg dette Skogen Lund er oppgitt over.

Poenget mitt er at ein skal ikkje bruke mellombelse stillingar systematisk, men ein del verksemd er mellombels i sin natur, påpeikar ho.

– Kva meiner du regjeringa må endre på?

– Eg meiner at det ikkje må vere så dogmatiske. Dei må sikre eit seriøst og godt arbeidsliv, men det å til dømes forby mellombelse stillingar, gir for meg inga meining. Då har du ikkje skjønt korleis arbeidslivet fungerer.

– Ikkje smart politikk

Schibsted-sjefen peikar på at ikkje alle ønsker fast jobb, men fleksibilitet, og at industrien ikkje alltid kan tilsette folk fast, dersom dei berre treng dei i kortare periodar.

– Viss eit verft på Vestlandet skal bygge ein rigg, og så er det to intensive veker der dei har bruk for 200 elektrikarar, så seier det seg sjølv at det bur ikkje 200 ledige elektrikarar på Stord.

– Då må du faktisk hyre inn mellombels. Viss ikkje du kan det, kan ikkje den riggen bli bygd i Noreg. Det er jo ikkje smart politikk.

Verft på Vestlandet

ILLUSTRASJON: Eit verft på Vestlandet, nærare bestemt i Ulsteinvik.

Foto: Halvard Alvik / NTB

Ønsker seg meir framsnakking

Skogen Lund er ikkje åleine om å vere kritisk til ordbruken og grepa til dei raudgrøne partia.

I starten av sommaren langa fire arbeidsgivarorganisasjonar ut mot Støre-regjeringa i eit innlegg i VG, og bad han slutte å kalle arbeidslivet «så skittent». Dei fekk støtte av tidlegare Ap-statsråd Bjarne Håkon Hanssen.

Eg ville ikkje sagt at det er behov for ei storreingjering i arbeidslivet generelt, sa han til avisa.

Skogen Lund meiner politikarane heller må snakke om kor mange som har gode jobbar dei får utvikle seg i og bryne seg på.

– Vi må vere litt flinkare til å snakke fram det gode arbeidslivet vi har, for det meiner eg er eit fortrinn for vårt land.

– Men det er vel eit fortrinn for folk å ha fast jobb og ikkje mellombelse stillingar?

– Jo, det er absolutt eit fortrinn å ha fast jobb, men ein liten del av arbeidslivet vil alltid ha mellombels karakter fordi det er svingingar i arbeidsmengd og andre ting.

Regjeringa: – Total skivebom

Statssekretær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Maria Walberg (Ap), avviser kritikken frå Skogen Lund og kallar det «ein total skivebom».

– Ambisjonen til regjeringa er at ikkje berre fleirtalet skal oppleve det norske arbeidslivet som trygt og seriøst, men at det faktisk skal gjelde for alle. Det er langt frå den situasjonen vi ser i dag, seier Walberg.

Maria Walberg, statssekretær Arbeiderpartiet

Maria S. Walberg er statssekretær for Ap i Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Foto: Arbeiderpartiet

Derfor ønsker regjeringa å sørge for fleire faste stillingar i arbeidslivet.

Heime hjå meg betyr storreingjering at vi vaskar grundigare enn det vi gjer til vanleg. Slik er det også med storreingjeringa til regjeringa i arbeidslivet: alle i Noreg skal få oppleve arbeidslivet som Skogen Lund skildrar, held statssekretæren fram.

Til dømet om verft på Vestlandet peikar ho på at det framleis er mogleg å tilsette folk mellombels ved mellombelse behov, også frå bemanningsbyrå.

– Men vi har mange døme på at bedrifter har kortsiktige bemanningsstrategiar framfor å bygge opp kompetanse i eiga bedrift og bransje, seier Walberg.

– Når det gjeld verftsindustrien er det ikkje så lenge sidan det blei avdekka grove brot på åtte ulike verft i Møre og Romsdal, der arbeidarar fortalde om timeløn på 8 kroner, samanhengande arbeidsveker på opp til 70 timar utan fri. Det fortel meg at det er ein jobb å gjere, også her, seier statssekretæren.

Høyr Kristin Skogen Lund i Sommarkvarteret, der ho også vedgår at ho ikkje fekk til å ta omsyn til «slitarane» i forslaget til pensjonsreform. Dessutan tek ho Ukraina-krigen nesten personleg.

Schibsted-sjef Kristin Skogen Lund er fortvila over regjeringas “stor-reingjering” i arbeidslivet. Ho tek Ukraina-krigen nesten personleg, og vedgår at ho ikkje fekk til å ta omsyn til “slitarane” i forslaget til pensjonsreform.

[ad_2]

Source link

Leave a Reply

Your email address will not be published.