September 26, 2022

[ad_1]

Grøne og bratte bakkar, ein skog med hjort, ein fjord med fisk, kvite og raude hus.

Garden Sellanrå på Halsnøy i Kvinnherad er typisk på Vestlandet.

Men dei som bur der er ikkje typiske.

I eitt år har ein venegjeng i 20-åra budd her og drive garden saman i eit gardskollektiv.

– Det å vera bonde er kanskje det mest einsame yrket ein kan ha. Det å gjera det i lag med andre, er utruleg givande, seier Mikal Larsen (26).

Utnyttar naturen

Han og kjærasten Marlin Kjelsvik (27) prøver å redda kålplantene ein varm junidag.

Dei dekkjer åkeren med ull frå lokale sauer.

– Det gjer me for at det ikkje skal bli så mykje ugras, og så held det godt på vatnet. Det hindrar også kålfluga i å legga egga sine ved røtene. Så det er ei form for plantevernmiddel også, seier ho.

– Ull er fantastisk, og det er ein ressurs som for ofte blir brent i Noreg. Denne ulla har me fått gratis av naboar og andre på øya.

Marlin Kjelsvik og Mikal Larsen på Sellanrå gard

ULL PÅ ÅKEREN: Mikal Larsen og Marlin Kjelsvik dekkjer åkeren med ull for å verna han mot sola og vamen.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Dei reknar seg fram til å ha rundt 150 ulike plantesortar på garden. Det finst også mykje ville vekstar å hausta av.

– Frå sommaren i fjor var me sjølvforsynte med grønsaker til rundt februar. Då byrja me å gå tomme, seier Mikal.

– Me åt dei siste potetene i påska. Men då hadde me eit ganske lite potetstykke. I år har me i alle fall dobla det, legg Marlin til.

Målet er å bli endå meir sjølvforsynte med mat. I dag kjøper dei blant anna korn og meieriprodukt.

– Det med sjølvforsyning handlar om korleis me som menneske skal kunna leva berekraftig i lag, og i lag med naturen. Rett og slett ta meir ansvar på eigne skuldrer.

Mikal Larsen på Sellanrå gard

LJÅ: Mikal Larsen kvesser ljåen. På vanskeleg tilgjengelege plassar treng han ljå for å slå graset.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Meir sosialt enn i byen

Cathrine Ellefsen (27) garvar eit skinn litt lenger oppe på garden på Halsnøy. Hjorten er skoten i skogen like ved, og skinnet skal bli lerklede.

– Eg har lyst til å laga eit skjørt med store lommer, og ein hettegenser. Å laga klede er det neste steget i dette sjølvbergar-livet for meg. Eg synest det er kjempegøy, seier ho.

Cathrine Ellefsen på Sellanrå gard

SKINNGARVING: Cathrine Ellefsen lagar ler av hjorteskinnet. Ho håpar ho kan laga seg klede av det.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Venegjengen har for tida besøk av eit par frå Austerrike og hunden deira, Lancelot.

Gjester frå heile verda kjem på besøk for å utforska den alternative måten å leva på.

På det meste har det budd opptil 14 menneske på garden, og dei merkar ei aukande interesse.

– Folk er medvitne om klimakrisa og tap av natur. Eg trur dei kanskje har lyst til å koma nærare det dei ønskjer å verna, meiner Marlin.

– Eg har det meir sosialt her enn det eg hadde det då eg budde i ein by, seier Mikal.

Sellanrå gard

RAST: – Me har lært mykje om oss sjølve i løpet av dette året. Det å bu, jobba og leva i lag, seier Marlin Kjelsvik. Her sit ho saman med kjærasten Mikal og hunden Lancelot, som er på besøk.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Raskt veksande fenomen i Europa

Internasjonalt er slike gardskollektiv eit raskt veksande fenomen, ifølgje forskar og bygdesosiolog Bjørn Egil Flø ved Nibio, Norsk institutt for bioøkonomi.

– Me kallar dei «nybønder». Dei søkjer alternativ til det industrielle jordbruket, og har stor omsut for miljøet.

I land som Austerrike, Sveits og Tyskland blir no eitt av tre gardsbruk overteke av såkalla «nybønder», ifølge Flø.

Forsker ved Norsk Institutt for Bioøkonomi, Bjørn Egil Flø

MÅ KOMA: Forskar og bygdesosiolog Bjørn Egil Flø er overtydd om at gardskollektiv kjem til å verta meir vanlege i Noreg.

Foto: Privat

Forskaren kjenner berre til nokre få tilfelle i Noreg, men er overtydd fenomenet er på veg her til lands også.

– Eg trur ikkje berre det kan, men at det må breia om seg. Med den hurtige nedleggingsfrekvensen som er i jordbruket som er i dag, så trur eg det er denne typen landbruk som berre må koma viss det skal vera jordbruk i ein del av vestlandsgrendene, seier Flø.

Kollektiv gardsdrift krev godt samarbeid

Dei unge bøndene er utdanna økoagronomar frå Sogn Jord- og Hagebruksskule.

Rektoren der, Børre Solberg, seier det kollektive bruket på Halsnøy er uvanleg.

– Det er spennande at dei tør å prøva. Det er jo sosialt, men ein må gjera gode avtalar for å halda på det gode samarbeidet og stemninga, meiner han.

Det er Mikal Larsen som eig Sellanrå gard, men kollektivet har faste møte og tek alle avgjerder i lag.

– Me har ikkje krangla enno, og er flinke til å snakka med kvarandre på ein god måte, seier Marlin Kjelsvik.

Sellanrå gard

SELLANRÅ: Garden ligg idyllisk til i Arnavik på Halsnøy.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Dei er no to kjærastepar som bur saman fast på garden. Målet er å kunna leva av garden, men førebels jobbar fleire av dei også som gartnarar, blant anna.

– Livssituasjonen kjem nok sikkert til å endra seg dess eldre me blir. Men sjølv har eg lyst til å kunna leva og bu kollektivt også i framtida, seier Mikal.

Men heilt sjølvforsynte blir dei aldri. Nokre varer er rett og slett både heilt naudsynte og heilt umoglege å dyrka i Noreg.

– Me klarer oss ikkje utan kaffi, ikkje enno.

– Ikkje sjokolade og is heller. Men is skal me klara å laga ein gong. Då har me oppnådd alt eigentleg.

Mikal Larsen og Marlin Kjelsvik på Sellanrå gard

KAFFI: Krusa har dei laga sjølv, men kaffi kjem Mikal Larsen og Marlin Kjelsvik alltid til å måtta kjøpa.

Foto: Eli Bjelland / NRK

[ad_2]

Source link

Leave a Reply

Your email address will not be published.