September 26, 2022

[ad_1]

– Eg veit ikkje kvar ideen om Noreg på langs kom frå, men eg veit at eg har veldig lyst til å sjå kor mykje eg toler, og kor langt eg klarer å gå.

Det fortel ultraløpar Kevin Brekken Ramsfjell frå Ålgård i Rogaland. Han har sett seg eit mål om å knuse den noverande rekorden på 34 dagar frå 2011. Planen hans er å gå Noreg på langs, ein distanse på 2600 km, på berre 13 dagar.

Altså meir enn ein halvering av den førre rekorden.

RUTE: Norge på langs rulleskitur

RUTA: 2600 km Frå Nordkapp til Lindesnes.

– Ja, det er det målet eg har sett meg. Og så får vi sjå om eg går litt fortare eller litt saktare, det er ikkje så nøye. Men det er det eg går for, 13 dagar, seier han.

Langløpsprofil Anders Aukland er imponert over planane til Ramsfjell. Han har sjølv sett fleire ekstreme rekordar i løpet av den lange karrieren sin.

– Det kan jo verke som galskap. Det er sikkert mange som synest det. Men eg synest det er spennande at ein del personar gir seg ut på sånne eventyr, seier Aukland til NRK.

– Ingen andre som har gjort

I forsøket har 22-åringen planar om å gå 20 mil om dagen. Det svarer til ei effektiv tid på mellom ti og tolv timar gåing. Ei slik belastning over så lang tid er det få som har prøvd tidlegare på rulleski.

– Ja, det er brutalt hardt. Men det er fult mogleg å gjere det, trur eg. Det er jo fleire som har gått langt på rulleski i nokre dagar. Men å gå så langt, så mange dagar i strekk, det er jo det sikkert ingen andre som har gjort, så det blir spennande å sjå. For det er det som er utfordringa her: kva skjer på dag fem, seks, sju og åtte, forklarer Aukland.

Ramsfjell verkar likevel trygg på at han er i stand til å klare det, sjølv om han ikkje har retta treninga spesifikt mot sommarens tur. Planen hans er nemleg å satse vidare på ultraløp.

Kevin B. Ramsfjell

HØGDEMETER: På vegen ventar 30 000 høgdemeter.

Foto: Privat

– Men viss eg liker det her, så kan det vere at eg finn på noko anna? Endå lengre, smiler han.

Åtvarar om utfordringar undervegs

Turen er rett nok ikkje heilt utan risiko. Aukland påpeikar at det er få som har utsett seg for den belastningsmengda over så lang tid.

– Erfaringa mi, utan at eg har gått så langt så mange dagar i strekk, er at akutte betennelsar kjem gjerne i handleddet og fingrar. Når du går på rulleski, kan du også få det i føtene, seier Aukland, som for eitt år sidan gjekk utrulege 70 mil på snaue 41 timar.

Ramsfjell reknar også skadar som ein risiko på turen.

– Eg er ikkje nervøs for så mykje eigentleg, utanom skadar. Det er jo det som er den store stygge ulven i dette prosjektet her. Så viss eg blir skadd, blir det ei stor ulempe, når ein skal gå så lenge.

Ei anna utfordring vil vere matinntaket, forklarer Aukland.

Team Santander

MYKJE ERFARING: Anders Aukland kan sjølv vise til 27 år på toppnivå innan idrett.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Du må ha eit veldig matinntak, og det er ofte ei utfordring å ete nok. Då eg dreiv og gjekk langt, var det viktig for meg å få i meg nok næring. Men han må jo finne ein rutine på det.

Aukland: – Vêret har masse å sei

Rogalendingen gler seg også til å få sett litt av Noreg på turen, og understrekar at han får god tid dei 13 dagane.

Truleg må han også belage seg på litt variert sommarvêr på vegen mot Lindesnes.

– Vêret har masse å seie. Det er klart det er lettare å gå ti timar ute i sol enn å gå i regnvêr. Så får du mange dagar med regn, er det mykje meir belastande. Det blir kaldt og guffent, og det vil slite meir på kreftene. Viss han slepper regnvêr, er det ein stor fordel vil eg seie, påpeikar Aukland.

Kevin B. Ramsfjell

KLAR FOR UTFORDRING: Turen bli ein perfekt test for både skiferdigheiter og uthald.

Foto: Privat

[ad_2]

Source link

Leave a Reply

Your email address will not be published.