November 25, 2022

[ad_1]

Tysdag sist veke trakk først Sajid Javid seg som helseminister, og ti minutt etter gjorde Rishi Sunak det same og fråtredde som finansminister.

Deretter kom det over eit par dagar eit større skred av regjeringsmedlemmar som sa opp i protest mot Boris Johnson.

Dagen etter Boris Johnson sa han ville gje seg som statsminister, lanserte Sunak seg sjølv som leiarkandidat i ein velregissert valkampvideo.

Der kom han med tydelege stikk til hans tidlegare sjef og hans uærlegdom, noko som var hovudårsaka til at Boris Johnson til slutt blei pressa ut av Downing Street.

Fleire britiske medium skriv også at kampanjenettstaden til Sunak, readyforrishi.com, vart oppretta så tidleg som 23 desember 2021.

Sunaks fråtreding og framferd førte til at Johnson sine tilsette tente på alle pluggar mot den nye statsministerkandidaten.

«Forrædersk dritsekk», kom det frå ein tenesteperson i statsministerbustaden, ifølge FT.

Rishi Sunak

«Møter vi augeblikket med ærlegdom og seriøsitet, eller ved å fortelje oss sjølv trøystande eventyr?» sa statsministerkandidaten Sunak i eit tydeleg stikk til Boris Johnson leiarskap.

Foto: Skjermdump / Twitter

Svertekampanjar florerer

Idet fleire og fleire leiarkandidatar har kome fram i lyset, har skittkastinga innan det konservative partiet byrja for fullt.

Der utanriksminister Liz Truss, i lag med dei fleste andre kandidatane, har nærmast kjempa om å love størst skattekutt, har Sunak gitt signal om at han ikkje vil kutte.

Liz Truss

Utanriksminister Liz Truss har over lengre tid dukka opp i mange bilde slåande lik Tory-legenda Margaret Thatcher, noko mange har tolka som taktiske manøver mot statsministerposten.

Foto: Skjermdump / Twitter

I eit svertande dokument som har florert blant konservative parlamentsmedlemmar heiter det at «det er ingenting konservativt ved denne agendaen til Rishi Sunak med høge skattar og store utgifter», ifølge FT.

Måtte forsvare seg

Skittkasting har også råka den nye finansministeren og statsministerkandidaten Nadhim Zahawi.

Søndag måtte han forsvare seg for skuldingar om at han er under etterforsking for mogleg skattesvindel. Det er antatt at opplysningane kjem frå partikollegaer i det konservative partiet.

– Blir eg statsminister vil eg publisere skattemeldingane mine årleg, sa Zahawi til sitt forsvar i eit intervju med Sky News.

Nadhim Zahawi

Den nyleg innstilte finansministeren Nadhim Zahawi har blitt skulda for skattesvindel, truleg frå partikollegaer internt i det konservative partiet.

Foto: DANIEL LEAL / AFP

To leiarkandidatar står klar allereie neste veke

– Vanlegvis er finansministeren og utanriksministeren dei opplagde kandidatane, men så enkelt er det ikkje i år, seier førstelektor i statsvitskap ved UiO og ekspert på Storbritannia, Øivind Bratberg.

Øivind Bratberg

Statsvitar Øivind Bratberg ventar intens kjøpslåing i kulissane i samband med leiarstriden i det konservative partiet.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Ønsket om å erstatte Boris Johnson så fort som overhovudet mogleg, kombinert med den stadig bitrare tonen i det konservative partiet, forklarer kvifor utvalskomiteen i dag varsla korleis dei ville påskunde valprosessen.

Allereie neste veke vil det berre vere to kandidatar igjen, opplyste administrerande sekretær i 1922-komiteen, Bob Blackman.

Det blir hektiske dagar framover, spår Bratberg.

– Etter kvart som kandidatar fell av, blir det intens posisjonering mellom rundane. Då blir det mykje kjøpslåing i kulissane om kven dei skal stille seg bak, seier han.


Avtroppande statsminister Boris Johnson seier han ikkje vil ta parti blant dei mange kandidatane som kappast om å overta etter han.

– Som de veit, er det ein konkurranse på gang, og eg vil ikkje skade nokon sine moglegheiter gjennom å gi mi støtte, seier han.

Hever konkurransekrav

Med framskundinga har utvalskomiteen skjerpa krava for å bli med til andre runde i leiarstriden.

Der kvar kandidat i 2019 trong støtte frå berre 8 parlamentsmedlemmar, bestemde 1922-komiteen at kvar kandidat i år treng heile 20 bak seg for å bli med i første runde.

Det kom nye reglar måndag fordi det vart valt inn fleire nye medlemmar i komiteen.

– Det blir ei veldig bratt kurve, der kampen står mellom mange ulike kandidatar. Kven dei to skal vere er verkeleg ikkje avgjort, seier Bratberg.

Han legg til:

– Det er godt mogleg at det kjem inn ein «dark horse».

Her er dei elleve som ynskjer å bli den nye leiaren i det konservative partiet:

[ad_2]

Source link

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *