October 3, 2022

[ad_1]

Ei endring i registrering av farskap førte til at den to år gamle dottera til Emma Willmott ikkje fekk norsk statsborgarskap. Eller norsk pass. Men det gjorde storesøstera. Korkje UDI eller Folkeregisteret kan svare på korleis dette skjedde.

Publisert: Publisert:

Emma Willmott er frustrert over at mangelen på informasjon førte til at dottera blei føydd britisk og utan registrert far. Midt oppi pass-krisa.

I 2006 flytta britiske Emma Willmott til Stavanger. Elleve år seinare fekk ho sitt første barn med den norske sambuaren sin, og barnet fekk faren sitt norske statsborgarskap. Den gong kunne farskap bli erklært på sjukehuset rett etter fødselen om foreldra ikkje var gift.

Alle med ein norsk forelder har rett på norsk statsborgarskap.

Så kom ei endring i 2020.

No skulle farskap registrerast heimanfrå digitalt på Nav med BankID etter veke 22 i svangerskapet. Mor måtte oppgi far, han kunne ikkje sjølv registrere seg digitalt åleine. Alternativet var ei papirmølle hos Skattekontoret, Nav eller ein dommar.

Eit britisk og eit norsk barn med same far

Willmott fortel at ingen på svangerskapskontroll eller fødeavdelinga informerte ho om den nye ordninga for farskapserklæring for ugifte par frå 2020.

Derfor fekk ho sjokk då ho skulle registrere namnet på barnet: Ho var eineforsørgar for det yngste barnet i familien.

Ho beskriv situasjonen som tragikomisk og uforståeleg.

– Hadde du sjølv eit ansvar for å finne ut av dette?

– Eg følger med på nyheitene kvar dag og prøver å oppdatere meg på det som skjer, men hadde ikkje sett eller høyrt noko om nye regler for farskapsregistrering. Korleis skulle eg ha oppdaga dette viss ingen snakka eller informerte meg om dette?

Ho viser til den første fødselen i 2017 der far fekk papira i fanget rett etter fødselen. Derfor hadde dei stussa over at sambuaren ikkje fekk skjema for å erklære farskap då det neste barnet kom i oktober 2020.

Med pandemi og arbeidet som lærar var det uaktuelt å reise til familien hennar i Worchester – så dei utsette å skaffe pass til den yngste. Derfor oppdaga Willmott heller ikkje at sjukehuset hadde gitt barnet sitt britiske statsborgarskap før mai 2022.

Så kom passkaoset i februar. Etter besøk på passkontoret på Randaberg i mai oppdaga Willmott ei ny overrasking på Altinn.

Den yngste var ikkje norsk, men hadde fått britisk statsborgarskap ved fødselen. Eit ugyldig statsborgarskap, vel og merke. Britar føydd i utlandet må søke om statsborgarskap.

UDI har berre mynde til å gi norsk statsborgarskap.

– Eg var eineforsørgar for eitt av barna mine, eitt var norsk og det andre britisk. Det har skjedd ein glipp i systemet, meiner Willmott.

Overgangen frå papir til skjerm

– Nav jobba lenge med å få ferdig ein digital løysing for å registrere farskap, men den blei ikkje ferdig før i oktober 2021. Fram til då brukte vi papirskjema for å erklære farskap hos sambuarar, seier leiar for Jordmortjenesten Anne von Erpecom.

Det var her Willmott kom til svangerskapskontroll for begge barna. Ho seier at ho ikkje fekk noko info herifrå om farskapsregistrering. Erpecom kjenner ikkje til den konkrete saka til Emma Willmott.

Erpecom viser til at tidlegare praksis var å invitere far til kontroll frå veke 28 for å signere papira på farskap viss paret var sambuarar. Alternativet er å seinare fylle ut skjemaet på Nav sine kontor.

No gir dei ut info skriftleg til mor om å registrere farskap til sambuarar som kjem på kontroll.

– Kven som skulle ha informert ho [Willmott] er vanskeleg å seie. Hadde ho fortalt dei på sjukehuset at ho ikkje hadde registrert farskap på førehand, så kunne dei ha opplyst ho om dette.

Teknisk svikt?

– Viss vi ikkje får opplysningar om kven faren er, får barnet statsborgarskapet til mor. Dette følger nedstammingsprinsippet, og er hovudregelen i registrering av barn for statsborgarskap, fortel avdelingsdirektør for Folkeregisteret i Skatteetaten, Elin Imsland.

På grunn av teieplikta kan ikkje Imsland uttale seg om enkeltsaker, men ho kan forklare generelt korleis slik registrering går føre seg.

Det er Folkeregisteret som registrerer statsborgarskap i Norge. Ifølge Statsborgarlova § 4 vil eit barn få norsk statsborgarskap dersom minst éin av foreldra har norsk statsborgarskap når barnet blir føydd. Dette skal skje automatisk, seier Imsland

Årsaka til at dette ikkje skjedde med dottera til Willmott, kan derfor vere fordi faren ikkje var registrert før fødselen. Dermed fekk dottera mora sitt britiske statsborgarskap.

Dottera skulle likevel ha fått faren sitt norske statsborgarskap då han registrerte seg som forelder same månad ho blei føydd. Far og barn koplast i Folkeregisteret, og statsborgarskapet skal bli oppdatert automatisk.

Av ein grunn skjedde dette ikkje.

– Viss det skjer feil ved registreringa i Folkeregisteret, har vi moglegheit til å rette dette. Ei slik retting skjer blant anna etter skriv fra dei som saka gjeld. Vi vil så langt som mogeleg prioritere slike saker, seier Imsland.

Publisert:

[ad_2]

Source link

Leave a Reply

Your email address will not be published.